Snille jenter
kjem til
himmelen,
dei andre
kjem så langt
dei berre vil.....
Attende  




   

Ordet fyrkje – opprinnelse og bruk

<>Sidan så mange har kommentert at vi kallar oss fyrkjer – og kanskje ikkje likt ordet heilt, har vi undersøkt litt for å vete meir om ordets opprinnelse og bruk. Vi har såleis kontakta Språkrådet og surfa på internett.  <>

Språkrådet kunne fortelje oss at ordet fyrkje, eller førkje på offisielt norsk, kjem av ordet fork, som tyder trestokk. På gammalnorsk er det eksempel på at ordet fork blei brukt i staden for dørstokk eller ein slå (for ei dør). Fork blei og brukt om grovbygde karar – og då tok det vel ikkje så lang tid (?) før ein byrja å bruke den feminine forma førkje. Opprinneleg blei såleis ordet mest brukt om kraftige eller grovskorne kvinnfolk. Sidan har ordet fått breiare bruk: Førkje er såleis brukt om både ungjenter og kvinnfolk, og brukt både nøytralt, skjemtande og nedsetjande.  <>

På intenett finn vi ordet førkje i mange dialektordlister. I ordlistene står det somme gonger at det blir brukt nedsetjande, andre stader nøytralt, om kvinne eller jente. Utanom ordlistene (litterært og munnleg) finn ein eksempel på at ordet førkje blir brukt negativt og som skjellsord, men og godmodig (om syster og til dotter, blant anna).

<>Vi i Fyrkjefokus har gjeve eit gammalt ord, som kanskje var på veg ut av språket, nytt liv. Namnet Fyrkjefokus har dessutan dobbel tyding: Vi vil setje fokus på kvinners liv og virke – og vi vil sjå verda med kvinneaugo. Vi ynskjer sjølvsagt at fyrkje skal brukast som eit positivt ord.

Namnet skjemmer ingen - vonar difor vi kan bli fleire fyrkjefokuserande!

Layout KREATIV næringsutvikling - Oppdatering Giax Data